|
NETTKURS
Vil du lære korleis Lingits program fungerer, men har ingen i nærleiken som kan lære deg det? Vil du sleppe å reise for å vera med på kurs? Løysinga er å bestille eit nettkurs! Vi kan halde nettkurs alle kvardager mellom kl. 09.00 og 15.00. Kurset varar rundt 1 time.
Korleis går det for seg? Når du tingar eit kurs, avtalar du dato og tidspunkt med Lingit. Du må òg gi oss telefonnummeret ditt, slik at vi kan ringje deg når kurset skal starte. Du må ha ein pc kopla til internett med breibandshastigheit, under kurset.
Vi brukar programmet TeamViewer for å halde kurs via internett. I tillegg brukar vi telefon for å snakke direkte med deg under heile kurset. Du må laste ned TeamViewer. Nedlastinga av TeamViewer kan du gjera når som helst før kurset startar. Du lastar ned TeamViewer gratis ved å klikke her
Når vi ringer deg, må du på telefon gi Lingit sin kurshaldar ID-en og passordet som dukkar opp på skjermen din når du opnar TeamViewer hjå deg. Deretter kan du sjå kurshaldarens pc-skjerm på din eigen pc og høyre lyden frå kurshaldarens pc i dine pc-høgtalarar. Om de er fleire som vil sjå og høyre, så er det lurt om de har ein pc-skjerm som er stor nok til at alle ser den og ein telefon som alle kan høyre (sett den på høgtalar og skru opp volumet).
Ting kurs no Send ein e-post til
Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
eller ring oss på 934 81 107 eller 73 60 59 22. Vi treng følgjande opplysningar om deg som tingar kurs:
- Fornamn og etternamn til fakturamottakar
- Telefonnummer
- E-postadresse
- Fakturaadresse (gate/veg, postnummer, stad)
- Kva program vil du ha kurs i? (Lingdys, Lingdys Tysk, Lingright, Lingspeak)
- Ønska dato og tidspunkt for kurs
Ønskjer du berre ein liten presentasjon av Lingit-programma? Dersom du ikkje er på jakt etter eit kurs som viser funksjonalitet og innstillingsmuligheiter i Lingit sine program, så kan du få ein kort presentasjon via TeamViewer. Den kostar ingenting og viser deg korleis programma fungerer. Varigheita er på ca. 10 minutter. Send ein e-post til
Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
eller ring oss på 934 81 107 eller 73 60 59 22 for å avtale ein presentasjon. |