Under finst salsvilkåra våre. Desse vilkåra gjeld ved alle leveransar frå Lingit AS.
BRUK Desse alminnelege salsvilkåra blir brukt på alt sal frå Lingit AS så lenge ikkje anna er skriftleg avtalt partane imellom før vareleveransen finn stad.
DEFINISJON Med "kjøpar" blir i dette dokumentet meint person, firma, institusjon, organisasjon, etat, foreining, bedrift eller næringsdrivande som bestiller ei vare frå Lingit AS. Med "seljar" blir i dette dokumentet meint Lingit AS.
PRISAR Alle prisar er oppgitt i norske kroner eksklusive meirverdiavgift (mva./"moms") viss ikkje anna er sagt. For kjøp der leveringsadresse er innan Noreg (med unntak nemnt seinare), blir den gjeldande mva.-satsen lagt til prisen på produktet. Ved sal til utlandet, Spitsbergen, norsk kontinentalsokkel eller andre fjerntliggjande norske landområde blir det ikkje lagt til norsk mva. Lingit AS tar atterhald om reknefeil, trykkfeil og liknande i alle tilbud, prisar osv. som blir sendt via e-post, brev eller telefaks, eller som blir oppgitt på telefon eller på annan måte munnleg, eller som ligg på nettsidene våre.
PRISENDRINGAR Prisane kan endrast dersom eksterne forhold som Lingit AS ikkje kan gjere noko med, blir endra. Det er kjøparen sitt ansvar å halde seg oppdatert om gjeldande prisar, til dømes på Lingit AS sine nettsider eller ved kontakt på telefon eller e-post med Lingit AS. Dersom ein eventuell auke i ordrens totalpris på over 5% og over 300 kroner eks. mva. frå bestillingsdato finn stad, er det Lingits ansvar å ta kontakt med kjøparen via e-post, brev, telefaks eller telefon, for å høyre om bestillinga framleis står ved lag med den nye prisen.
MANGLAR I LEVERANSE Eventuelle manglar ved ein leveranse må rapporterast til Lingit AS straks han blir oppdaga og seinast innan 8 verkedagar etter at vara er mottatt.
MANGLAR/FEIL VED PRODUKT Blir det oppdaga eventuelle manglar eller moglege feil ved eit produkt, skal kjøparen straks lese og gå igjennom informasjonen på support-sida vår på internett og innan maksimum 8 verkedagar etter at mangelen blei oppdaga, rapportere mangelen til Lingit AS dersom eige forsøk på å finne løysing ikkje lukkast. Dersom Lingit AS gir spesielle instruksjonar på korleis mangelen/reklamasjonen skal behandlast for å finne ei løysing på problemet, må desse instruksjonane bli følgde.
LEVERINGSTID Varer på lager blir levert same eller påfølgjande dag. I tillegg kjem frakttid (normalt 1-4 verkedagar innan Noreg). Dersom nokon av dei bestilte varene ikkje er på lager, blir leveringstida lenger. Lingit AS vil oppgi forventa leveringstid om du spør, basert på erfaringar frå tidlegare leveransar. Oppgitte leveringstider er ikkje forpliktande.
GYLDIGHEITA AV ORDREN Ein ordre er gyldig når ordrestadfesting er mottatt. Ordrestadfesting kjem som e-post. Ved bestillingar på telefon, telefaks eller brev er det implisitt gitt at ordrestadfesting er gitt med mindre Lingit AS opplyser om noko anna. Ved innlegging av ein ordre er det implisitt at kjøparen godtar å følgje salsvilkåra til Lingit AS. Ein ordre/ei bestilling er gyldig fram til vara er levert eller vara er avbestilt eller Lingit AS skriftleg (e-post eller brev) eller på telefon kansellerer ordren.
FRAKT Alle varer til privatpersonar og firma blir normalt sende i vanleg post med faktura i separat sending, så lenge pakken er av ein karakter som tillèt dette. Lingit AS vel normalt billegaste fraktmåte (som oftast Posten), men står fritt til å velje annan transportør. Dersom vara er av ein slik karakter at ho ikkje tillèt leveranse med Posten, vil ein annan transportør blir valt av Lingit AS. Kjøparen kan også spesifisere ønskt fraktmetode. Eventuelle meirkostnader dette medfører for Lingit AS, blir belasta kjøparen. Alle gebyr som kjem i tillegg i samband med frakta, blir belasta kjøpar.
RISIKOOVERGANG Viss ikkje anna er særskilt avtalt skriftleg på førehand, går risikoen for skade på vara over på kjøparen i den augneblinken vara blir overlevert til transportøren eller kjøparen.
BETALING/KREDITT Alle prisar EWX Incoterms 2000 Trondheim. Tilnærma fraktutgifter til den faktiske fraktkostnaden, pluss gebyr, blir fakturert kjøparen i separat sending. Kreditt blir ikkje gitt.
RENTER OG PURREGEBYR For privatpersonar blir det rekna morarenter og purregebyr til den til ei gitt tid maksimale satsen for desse. For firma, organisasjonar, offentlege etatar og andre bedriftskundar er det med dette avtalt at morarenter/inkassovarsel blir sett til 1,5 % per mnd. etter betalingsdato.
Ved utsending av purring/inkassovarsel vil purregebyr også bli rekna med. Dette kan setjast til den til ei gitt tid maksimale purregebyrsatsen gitt av styresmaktene.
SALSPANT Lingit AS har salspant i dei selde varene som sikkerheit for kravet sitt på fakturasummen med tillegg av renter og kostnader, jf. pantelovas §3-14 flg.
FRAKT PÅ RESTORDRE Normalt vil fraktkostnadene på heile ordren bli fakturert på første delleveranse. Innan Noreg blir restleveransane sende fraktfritt viss vekta på leveransen er under 10 kg. Eventuelle gebyr (til dømes ekspedisjonsgebyr) kjem i tillegg for kvar enkelt leveranse. Lingit AS prøver alltid å sende så mykje som mogleg av ein ordre samla for å redusere fraktutgiftene til kjøparen.
ANDRE RETURRETT-VILKÅR Vilkår i dette avsnittet gjeld for andre sal enn kontantsal og henting.
Gjeld for privatpersonar: Lingit AS følgjer innan Noreg prinsippa i angrerettlova for returar med rett til pengane tilbake. Angrerettlova dekkjer sal kor det er seljar som tar initiativ til handelen, til dømes via Direct Mail som brev, e-post eller tilbud til kjøparen ved telefonsal på seljarens initiativ. Vara må returnerast til seljar uopna og ubrukt innan 14 dagar frå Lingits sendedato. For varer kor forsegling eller emballasje er brotne, blir det ikkje gitt nokon returrett med mindre dette er uttrykkjeleg avtalt skriftleg med seljar på førehand. I slike tilfelle kan kjøparen ikkje rekne med å få tilbakebetalt heile beløpet, men fråtrekt eit beløp som tilsvarer verdiforringinga av vara. Det er ingen returrett på programvare kor forseglinga er broten. Ved korrekt gjennomført retur i samsvar med angrerettlova blir den fulle prisen på vara tilbakebetalt og utlagde fraktkostnader til kjøpar. Eventuelle utlagde gebyr blir ikkje refunderte.
Gjeld for privatpersonar: Ved kundeinitierte ordrar (til dømes e-postbestillingar eller telefonbestillingar utan oppfordring eller utan direkte tilbod frå seljar på førehand) er det ingen angrerett i lovas forstand.
Gjeld for firma, offentlege etatar, institusjonar og bedrifter/næringsdrivande: Ingen returar blir godtatt utan at dette er avtalt skriftleg på førehand. Vilkåra for retur frå andre land enn Noreg er skildra på nettsidene våre.
REKLAMASJONSRETT Reklamasjonsrett etter kjøpslovas reglar for forbrukarkjøp (privatpersonar) er 2 år. Reklamasjonsrett etter kjøpslovas reglar for næringskjøp (firma, institusjonar, organisasjonar, etatar, foreiningar, bedrifter/næringsdrivande) er 2 år.
GARANTI Garanti på alle produkta er 1 år. Lingit AS garanterer at produktet er fabrikert utan feil som måtte verke inn på funksjonsdyktigheita til produktet i garantitida. Til informasjon blir det opplyst at garantireglane omfattar følgjande punkt: Garantien dekkjer ikkje feil som skuldast uforsvarleg eller utilsikta bruk, ytre skadar eller mangelfullt vedlikehald. Garantien dekkjer berre sjølve produktet, ikkje eventuelle tilleggsprodukt eller informasjon som kjøparen har tilført produktet. Tap av data ved til dømes harddiskkrasj blir ikkje dekt av garantien. Ved garantireklamasjon må Lingit AS først bli kontakta for å få løyve til retur. Lingit AS vil gi instruksar om korleis produkta skal returnerast. Det påstått defekte produktet må returnerast til Lingit AS med komplett manual/brukarhandbok og original emballasje.
SUPPORT Kjøparen forpliktar seg til å sjekke nettsidene til Lingit AS for support og følgje dei instruksjonane som er gitt der dersom support er ønskt. Dersom kjøpar ikkje har tilgang til internett, kan Lingit AS kontaktast på telefon 73 60 59 22 for support.
DOKUMENTASJON VED SENDINGAR Alle sendingar til Lingit AS som gjeld retur, garantireklamasjon og liknande, må ha eit følgjeskriv frå kjøpar som dokumenterer opprinnelege fakturanummer, kjøpsdato og informasjon om kva sendinga gjeld og skildring av feilen, om det gjeld eit produkt med moglege defektar. Sending til Lingit AS skal skje kostnadsfritt for Lingit AS. Sendingar som er sende i oppkrav eller "mottakar betaler frakt" vil ikkje bli henta av Lingit AS.
BROT PÅ SALSVILKÅR Ein avtale om eit sal blir sett på som broten dersom kjøpar vel å ikkje halde seg til dei salsvilkåra som blei avtalt ved inngåing av ordren. Eit slikt brot frå kjøpar fritar seljar frå å følgje standard salsvilkår. Utgifter som blir påført seljar på grunn av kjøpars brot på salsvilkåra, skal betalast av kjøpar.
TVISTAR Tvistar som måtte oppstå i tilfelle usemje om reglar eller vilkår, høyrer inn under dei ordinære domstolane, med Trondheim Byrett som verneting. Alle rettsspørsmål som måtte oppstå, skal bedømmast i samsvar med norske lover. |