|
Lese- og skriveverktøyet Lingdys er utvikla for å gi hjelp ved dysleksi eller andre lese- og skrivevanskar.
Hjelp til å lese og skrive
Lese- og skriveverktøyet Lingdys er utvikla for å hjelpe personar med dysleksi eller andre former for lese- og skrivevanskar. Kombinasjonen av stavekontroll, ordbøker, ordfullføring, skjermlesar og kunstig tale gjer at programmet gir omfattande og effektiv hjelp til både lesing og skriving.
Lingdys er hjelpemiddelgodkjent programvare for dyslektikarar via søknad til NAV Hjelpemiddelsentral.
Klikk på denne linken for å bestille Lingdys ->
Korleis fungerer Lingdys? Lingdys gir stavekontroll i tekstbehandlarane Microsoft Word, OpenOffice.org Writer, LibreOffice Writer, Wordpad, Notepad, e-postprogrammet Microsoft Outlook og i nettlesaren Internet Explorer. Du får òg ordfullføring ("prediksjon") i desse og fleire andre Windows-applikasjonar. Programmet er enkelt å installere. For ein demonstrasjon av Lingdys, sjå Lingdys-filmen under www.lingit.no/film.
Stavekontroll Komponentane i Lingdys gjer det lett å stavekontrollere teksten anten medan ein skriv eller når dokumentet er ferdig skrive. Stavekontrollen i Lingdys er spesielt tilpassa skrivesvake. Han taklar fleire feil per ord enn tradisjonelle stavekontrollar gjer. Lingdys rettar dessutan stavefeil der avstanden til korrekt staving er stor, til dømes vil vannskli bli foreslått retta til vanskelig/vanskeleg.
Stavekontrollen i Lingdys kan også tilpassast dialekten til han eller ho som skriv. Når ein trønder skriv itj og ein totning skriv itte, vil forslaget ikkje eller ikke komme opp, alt etter målform. Også gjennom andre innstillingar kan programmet tilpassast den enkelte brukars behov.
Ordfullføring
Ordfullføring er ordforslag som kjem opp før ein er ferdig med å skrive eit ord. Ordfullføringa i Lingdys foreslår ord ut frå samanhengen.
Talesyntese og skjermlesar
Ein talesyntese (ei kunstig stemme) konverterer tekst til tale. Ein skjermlesar bruker kunstige stemmer til å lese opp tekst. Skjermlesaren i Lingdys er utvikla for lesesvake og gir god grafisk tilbakemelding til brukaren ved at han markerer ord som blir lesne opp, slik at det blir lettare å følgje med i teksten. Skjermlesaren kan lese opp nesten alt du ser på skjermen, også til dømes betydninga til funksjonsknappar i menylinjer. Han gjer det også mogleg å lagre tekst som lydfiler. Lingdys blir levert med Isak og Inger HTS, som er nyutvikla norske stemmer som sikrar stabil og skøytefri opplesingskvalitet utan mange overraskingar. Stemmene verkar både naturlege og forståelege.
Ordbøker Norsk ordbok - bokmål frå Cappelen Damm og Nynorskordboka følgjer med i Lingdys. Med Lingdys kan brukaren enkelt finne fram til orda sine tydingar, og sjå dei i bruk. Ordboksoppslag er nyttig for å skilje tydinga til ord som ser like ut og uttalast likt, for eksempel vert og vært.
Godkjent hjelpemiddel
Lingdys er godkjent til bruk på tentamen og eksamen i grunnskule og vidaregåande skule. Med dokumenterte skrivevanskar kan ein søkje NAV Hjelpemiddelsentral om støtte til kjøp av Lingdys. Lingit kan på
Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
bidra med råd om søknadsprosessen.
Systemkrav Operativsystem: Windows XP SP3, Vista SP2, Windows 7, Windows Server 2003, 2008 Tekstbehandler: Microsoft Office/Word XP, 2003, 2007 og 2010 (32-bits versjon), OpenOffice.org/Writer 2.0 eller nyare, LibreOffice, Internet Explorer 8 eller nyare Harddiskplass: Minst 500 MB Retningslinjer for prosessor og minne*: 1 GHz Intel Celeron eller betre. Minst 512 MB RAM. Lingit anbefaler minst 1 GB RAM til Windows XP, 2 GB RAM til Windows Vista og Windows 7
* Vi gjer merksam på at ytinga til eit datasystem er avhengig av fleire faktorar enn berre mengda RAM og klokkefrekvens på prosessor. Desse opplysningane er derfor å sjå på som retningsgivande.
Klikk på denne linken for å bestille Lingdys ->
Pris: NOK 3000,00 inkl. MVA
Oppgradere frå eldre versjon?
Klikk på denne linken for å bestille Lingdys oppgradering ->
Pris: NOK 1250,00 inkl. mva |