BokmålNynorsk
sitemap

Du er her:

Forsida Produkt Lingspeak
Lingspeak

Skjermlesaren og opplesaren Lingspeak 3 er spesielt utvikla for lesesvake. Men programmet passar for alle med ønskje eller behov for eit lesehjelpemiddel. Lingspeak 3 kan kjøpast som eige produkt (sjå nedst på denne sida) eller som ein integrert del av Lingdys, Lingright og Lingdys Tysk. Lingspeak 3 er godkjent av NAV Hjelpemiddelsentral (ekstern lenke).

Enkelt å bruke

Føremålet med Lingspeak 3 er å gjera det enkelt for brukaren å få opplese all tekst på dataskjermen. Det er berre å plassere musepekaren over eit element og trykkje kontrolltasten (CTRL). Programmet les da opp teksten i det avsnittet ein har peika på. Programmet gir særs god grafisk tilbakemelding til brukeren ved at det uthevar ord for ord samstundes som dei lesast opp. På den måten kan brukaren enkelt følgje med på opplesinga. Treng ein å avbryte opplesinga før teksten er ferdig opplese, kan ein berre klikke i opplesingsvinduet, eller trykkje på kontrolltasten ein gong til. For ein demonstrasjon, klikk her.

Bruksområde

Opplesing av

  • alle typar dokument, inkludert PDF
  • e-post i alle e-postprogram
  • nettsider i nettlesaren du foretrekkjer Ã¥ bruke, f.eks. It's learning, Fronter, Facebook, Twitter, nettaviser mm.
  • smÃ¥ element, gjerne utan synleg tekst (menyknappar i tekstbehandlaren, ikon i systemstatusfeltet etc.)
  • utydelege element som bilete, postarar osv.
  • skanna tekst, f.eks. frÃ¥ C-Pen
  • knappar, menyar, lister, glidebrytarar, ikkje-redigerbar tekst, ikkje-kopierbar tekst. Eksempel er Start-menyen, klokka, Windows utforskar, dialogar mm.
  • animasjonar, eksempelvis Adobe Flash.

Opplæring

  • i framandsprÃ¥k ved at Lingspeak les tekst i sprÃ¥ket ein skal lære seg
  • i uttale av vanskelege ord

Lingspeak inneheld òg ein enkel tekstbehandlar. Dersom Lingdys, Lingright eller Lingdys Tysk er installert, har ein full skrivestøtte i Lingspeak sitt redigeringsvindu. Lingspeak tilbyr naturlegvis lagring til tekstfil og lydfil.

Stemmer som følgjer med

Lingspeak 3 fungerer saman med alle Windows-stemmer (SAPI-stemmer), òg stemmer frå andre leverandørar enn Lingit. Saman med Lingdys kjem Lingspeak 3 med dei norske stemmene Isak og Inger. Lingright leverast med stemma David (amerikansk engelsk). Lingdys Tysk leverast med Cepstral Matthias. I Lingspeak 3 som frittståande produkt får du med Isak.

Systemkrav:
Operativsystem: Windows XP eller nyare.
Harddiskplass: minst 50MB (som frittståande produkt)

 

Klikk på denne lenka for å bestille Lingspeak 3 som frittståande produkt.

Lingspeak 3 kostar kr 2.000 + MVA som frittståande produkt.

Problem med Lingspeak 3?
Sjå Spørsmål og svar om Lingspeak.

 
footer_stripe