BokmålNynorsk
sitemap

Du er her:

Forsida Produkt Lingdys Tysk
Lingdys Tysk

Hjelp til å lese og skrive tysk med fullverdig tysk lese- og skrivestøtte i eitt og same program.

Hjelp til å skrive tysk
Tysk er eit av dei største språka i Europa. Det er eit framandspråk som dei fleste norske skolar tilbyr undervisning i.

Lese- og skriveverktøyet Lingdys Tysk er utvikla for å hjelpe alle norskspråklege med å skrive og lese tysk, enten dei har lese- og skrivevanskar eller berre føler seg usikre på tyske stavemåtar. Kombinasjonen av stavekontroll, ordbøker, ordfullføring, skjermlesar og kunstig tale gjer at programmet gir omfattande og effektiv hjelp til både lesing og skriving.

Lingdys Tysk er hjelpemiddelgodkjent programvare for dyslektikarar via søknad til NAV Hjelpemiddelsentral.

Korleis fungerer Lingdys Tysk?
Lingdys Tysk gir stavekontroll i tekstbehandlarane Microsoft Word, OpenOffice.org Writer, LibreOffice Writer, Wordpad og Notepad; e-postprogrammet Microsoft Outlook og i nettlesaren Internet Explorer. Du får òg ordfullføring ("prediksjon") i alle desse og fleire andre Windows-applikasjonar. Programmet er enkelt å installere. For ein demonstrasjon av Lingdys Tysk, sjå Lingdys Tysk-filmen under www.lingit.no/film.

Stavekontroll

Lingdys Tysk gjer det lett å stavekontrollere enten medan du skriv eller når teksten er ferdig skriven. Stavekontrollen i Lingdys Tysk er spesielt tilpassa skrivesvake med norsk som morsmål, slik at den taklar typiske "norske feil" i tillegg til at den handtererfleire feil per ord enn tradisjonelle stavekontrollar gjer. Lingdys Tysk retter dessuten stavefeil der avstanden til korrekt stavemåte er stor.

Programmet kan tilpassast den enkeltes behov, til dømes ved å tilpasse ordlistestorleiken, eller ved å legge til eigne reglar for ord ein ofte skriv feil.

Ordfullføring
Ordfullføring er ordforslag som kjem opp før du er ferdig med å skrive ordet. Lingdys Tysk foreslår ord ut frå samanhengen.

Talesyntese og skjermlesar
Ei talesyntese (kunstig stemme) konverterer tekst til tale. Ein skjermlesar brukar kunstige stemmer til å lese opp tekst. Skjermlesaren i Lingdys Tysk er utvikla for lesesvake og gir god grafisk tilbakemelding til brukaren ved at den markerer ord som lesast opp, slik at det blir lettare å følje med i teksten. Skjermlesaren kan lese opp mest alt du ser på skjermen, også til dømes tydinga av knappar i verktøylinjer. Den kan i tillegg lagre tekst som lydfil. I Lingdys Tysk kan ein få lese opp tydinga av ord. Den tyske stemma Matthias føljer med.

Ordbok
Lingdys Tysk inneheld Tysk ordbok frå Cappelen Damm (tysk-norsk/norsk-tysk). Med Lingdys Tysk kan brukaren enkelt finne fram til orda si meining og sjå dei i bruk. Ordbokoppslag er avgjerande for å skilje tydinga til ord som ser like ut eller uttalast likt, slik som fällt og Feld.

Godkjent hjelpemiddel
Lingdys Tysk er godkjent til bruk på tentamen og eksamen i grunnskole og vidaregåande skole. Med dokumenterte skrivevanskar kan ein søkje NAV Hjelpemiddelsentral om støtte til kjøp av Lingdys Tysk. Lingit kan hjelpe til med råd om søknadsprosessen.

Systemkrav
Operativsystem:
Windows XP SP3, Vista SP2, Windows 7, Windows Server 2003, 2008.
Tekstbehandlar:
Microsoft Office/Word 2003, 2007 og 2010 (32-bits versjon), OpenOffice.org/Writer 3.1 eller nyare, LibreOffice, Internet Explorer 8 eller nyare
Harddiskplass:
Minst 500 MB
Retningslinjer for prosessor og minne*:
1 GHz Intel Celeron eller betre. Minst 512 MB RAM. Lingit tilrår minst 1 GB RAM til Windows XP, 2 GB RAM til Windows Vista og Windows 7.
* Vi gjer merksam på at utelsen til datasystem er avhengig av fleire faktorer enn kun mengda RAM og klokkefrekvens på prosessor. Disse opplysningane er difor kun rettleiande.

Ta kontakt på Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa for bestilling av Lingdys Tysk.

Pris: NOK 3000,00 inkl. mva

 
footer_stripe