Du er her:
| Satsingsområde |
|
Ambisjonen til Lingit er å vere leiande på utvikling av språkrelatert programvare i den norske hjelpemiddelmarknaden. Lingit satsar på å bli ein føretrekt leverandør av pedagogiske læremiddel relatert til skriving og lesing i den norske skulemarknaden. Lingit vil utvikle skrivestøtte som eigen kategori i den norske bedriftsmarknaden. Lingit satsar på å utvide marknaden sin internasjonalt. Lingit prioriterer eigenutvikla teknologi basert på nyare språkteknologiske innsikter. Lingit er oppteken av kvalitet i dei språkressursane som ligg til grunn for produkta, noko som betyr at vi bruker svært mykje tid på kvalitetssikring av ordlister, ordbøker, tekstsamling, lydopptak osb. |


