BokmålNynorsk
sitemap

Du er her:

Forsida Om Lingit Kvalitet

Kva kjenneteiknar eit godt lese- og skrivestøtteprogram?

Programma til Lingit skal halde høg kvalitet. I omgrepet ”kvalitet” legg vi at programma er:

  • Enkle å lære
  • Lette å bruke
  • Støttande for det brukaren treng hjelp til
  • Stabile og utan feilmeldingar

Dette oppnår vi gjennom omfattande testing, god kontakt med nasjonale kompetansesenter for lesing og skriving, og med Dysleksiforbundet og lokale dysleksilag.

Det er også eit viktig kvalitetsstempel at dei som treng det, får rask og riktig hjelp ved å kontakte brukarstøtteapparatet vårt. Vi får svært gode tilbakemeldingar når vi held kurs og presentasjonar, og dette er viktig fordi vi legg mykje vekt på å formidle dei unike moglegheitene som produkta våre gir brukaren.

Vi har utvikla produkta våre sjølv i staden for å tilpasse programvare frå andre språk. Dette gjer at vi i Lingit på eiga hand kan kvalitetssikre alt innhald, rette opp i eventuelle problem og vidareutvikle produkta.

Kompetente medarbeidarar er avgjerande for gode produkt og tenester. Dei tilsette har lang og brei erfaringsbakgrunn, og er godt utdanna innan systemutvikling, datalingvistikk, pedagogikk, lingvistikk, taleteknologi, testmetodikk, språkfag og marknadsføring.

 
footer_stripe