|
No kjem Lingdys og Lingright med fleire og betre funksjonar! Lingdys og Lingright er velprøvd programvare for lese- og skrivestøtte, utvikla for dyslektikarar og andre med lese- og skrivevanskar. Programma har fleire funksjonar enn vanlege skriveverktøy, og kan enkelt tilpassast individuelle behov.
Nyutvikla skjermlesar og ny stemme
Lingdys 3.6 og Lingright 2.6 inkluderer no vår nyutvika skjermlesar Lingspeak 3. Skjermlesaren har funksjonar som er spesielt tilpassa lesesvake og gir brukaren ei særs god grafisk tilbakemelding – uavhengig av kva tekstprogram som brukast. Lingdys 3.6 vert no levert med våre eigenutvikla stemmer Inger HTS og Isak HTS. Desse stemmene er basert på ny teknologi og framstår som både naturlege og forståelege. I Lingright 2.6 følgjer det no med stemmer av høg kvalitet: ei britisk-engelsk stemme (Millie) og ei amerikansk-engelsk (David). Dermed har Lingdys og Lingright no lesestøtte i tillegg til den etter kvart velkjende skrivestøtta.
Lingspeak stør Internet Explorer, og Lingdys og Lingright har no fått valfrie ikon som gir brukaren moglegheit til å velgje eit grafisk uttrykk som er tilpassa til dømes alder.
Dersom du allereie har lisens på Lingdys 3 og Lingright 2, så kan du oppdatere til dei nye versjonane med lisenskoden din på vår nedlastingsside: http://nedlasting.lingit.no/
Les også denne artikkelen om skilnaden mellom oppdatering og oppgradering.
Brukarhåndbok Lingdys 3.6 (PDF)
Brukarhåndbok Lingright 2.6 (PDF)
Kursdokumentasjon for Lingdys, Lingright og Lingspeak 3 (PDF) |