BokmålNynorsk
sitemap

Du er her:

Forsida Nyhende Aktuelt hjelpemiddel
Nyheter hjelpemidler


Ingen kutt for Lingdys og Lingright frå NAV

I det reviderte nasjonalbudsjettet vert det foreslått at tilskudd til innkjøp av standard datautstyr skal avviklast. Hjelpemiddel som er spesielt utvikla for dyslektikarar, blir ikkje omfatta av denne nye ordninga.

Søkjarar som oppfyller vilkårea om støtte til datahjelpemiddel vilframleis  få Lingdys og Lingright. Men ein gjev ikkje lenger støtte til innkjøp av bærbare og stasjonære datamaskinar.

Teksten i det reviderte budsjettet er slik:

"Post 75 Bedring av funksjonsevnen, hjelpemidler

Anslagsendringer
Bevilgningen er på 3 049,3 mill. kroner. Utgiftsutviklingen for hjelpemidler de siste årene har variert mye fra år til år. På bakgrunn av utviklingen høsten 2009 og hittil i år, forventes det nå en reduksjon i utgiftene i 2010. Som følge av dette foreslås det å redusere bevilgningen på kap. 2661, post 75 med 160 mill. kroner.

Avvikling av stønad til standard datautstyr fra 1. juli 2010

Det gis i dag et tilskudd til bærbart datautstyr på 3 350 kroner, og til stasjonært utstyr på 1 850 kroner. Prisene på datautstyr har den siste tiden gått ned og standard datautstyr kan ikke lenger anses som et spesielt hjelpemiddel. Stønad til innkjøp av standard datautstyr foreslås derfor avviklet fra 1. juli 2010. Som følge av dette foreslås det å redusere kap. 2661, post 75 med 20 mill. kroner.

Samlet sett foreslås bevilgningen på kap. 2661, post 75 redusert med 180 mill. kroner."

 
TVNorge-serie fengde skrivesvake

TVNorge-serien "Blanke ark", som gjekk sist haust, førte til at mange menneske som kjende seg igjen i problemstillingane som blei tekne opp i serien, tok kontakt med Lingit.

Lingit sponsa TV-serien som følgde 8 ungdomsskuleelevar frå ulike skular rundt om i Noreg, kor nye metodar og hjelpemiddel blei tekne i bruk for å snu dei dårlege statistikkane til desse elevane.

Du kan lese ein artikkel om dette her.

Her er lenkja til nettstaden til TVNorge-serien.

 

 
Adressa di avgjer kva rettar du har

Tusenvis av skuleelevar som har dysleksi-diagnose, blir behandla svært ulikt av Rikstrygdeverket.

Det er heimeadressa di som avgjer om du får hjelpa du har krav på eller ikkje, fordi det er svært ulik praksis hjå dei fylkesvise hjelpemiddelsentralane i NAV.

Bredtvet Kompetansesenter meiner mange hjelpemiddelsentralar manglar kompetanse på lese- og skrivevanskar.

 

Les ein artikkel frå NewsWire om dette her.

Bredtvet Kompetansesenter

 

 
Dyslektikar fekk 6 i norsk med Lingdys

Mathias Busch Bøkestad er eitt av mange døme på at kompensatoriske hjelpemiddel kan hjelpe dyslektikarar med å prestere på høgste nivå!

Ved Bindalseidet Friskole i Nordland har dei i ei årrekkje arbeidd systematisk med tilpassa opplæring for elevar med dysleksi.

Og det har gitt resultat! Mathias og eit par medelevar gjorde det sylskarpt på eksamen i norsk.

Elevane har brukt datahjelpemidla og skrivestøtteprogramma Lingdys og Lingright gjennom skulegangen, og dette har ifølgje elevane hjelpt dei til å kunne konsentrere seg om innhaldet i skulearbeidet og unngå frustrasjonar over ord som ikkje vil stokke seg i lesing og skriving.


Vi i Lingit er svært stolte, og gratulerer elevane og heile Bindalseidet Friskole!


Les meir om saka:

NRK

NewsWire

Adresseavisen

 

 
Opning av skrivesenteret i Trondheim

Fredag 21. august opnar Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking i Trondheim, og Lingit vil vere til stades på opninga.

 
Fleire artiklar…
<< Start < Førre 1 2 Neste > Siste >>

Side 1 av 2
footer_stripe