BokmålNynorsk
sitemap

Du er her:

Forsida FÃ¥ hjelp no!

 

Større skriveglede for skrivesvake

Slit du med lesing og skriving, har du behov for meir støtte enn det som normalt finst i program for tekstbehandling. Du vil også ha stor nytte av å få lese opp teksten på skjermen.

Lingdys er lese- og skrivestøtte for nynorsk og bokmål. Programmet kjem med ordforslag (ordfullføring) medan du skriv. Du kan slå opp vanskelege og ukjende ord i ei ordbok. Lingdys har ein kraftig stavekontroll som er i stand til å korrigere mange feil som vanlege korrekturprogram ikkje handterer. Dessutan har programmet ein eigen skjermlesar som les tekst frå skjermen med den nyutvikla stemma Isak HTS.

Lingright er lese- og skrivestøtte for engelsk. Programvara er laga for å takle typiske norske feil, og du får også ordforslag, kraftig stavekontroll og ordbøker. Programmet har ein eigen skjermlesar som les tekst frå skjermen.

Både Lingdys og Lingright er hjelpemiddelgodkjent programvare for dyslektikarar via søknad til NAV Hjelpemiddelsentral.

 
footer_stripe